Nasjonalpark: Breheimen nasjonalpark

Breheimen nasjonalpark

1 691 km² | Verna i 2009 | Karrige høgfjell, isbrear og frodige stølsdalar | Villreinens rike | Stillheit og urørt natur

I Breheimen finn du både nokre av dei mest nedbørsrike og dei mest nedbørsfattige områda i landet. Området spenner frå nesten havnivå til godt over 2 000 m. Landskapet er forma av isbrear, skred og andre geologiske prosessar gjennom hundretusenvis av år. I dag finn du alt ifrå frodige stølsdalar til karrig høgfjell og isbrear, og Breheimen framstår som ein av dei mest varierte nasjonalparkane våre.

Folket som bur kring Breheimen nasjonalpark har gjennom tidene vore sterkt knytte til fjellet, med jakt, fiske, stølsdrift og gjennom ferdsel mellom Aust- og Vestlandet.

Breheimen har i mange år lokka fotturistar inn i fjellheimen. Men mange av turane er blant dei meir krevjande turane i Sør-Noreg, mellom anna fordi området er noko mindre tilrettelagt med stigar, og turisthyttene er stort sett sjølvbetjente. På fottur i Breheimen opplever ein stilla i naturen, med dalar, vidder og tindar. På dei mange stølane kan du møte beitedyr om sommaren.

Opplevelser

På fottur i Breheimen opplever du stillheita i naturen. Det er fleire stigar som er merka, og det er også sjølvbetjente turisthytter her. Nørdre Hestbrepiggane (2 172 moh.) er det høgaste fjellet i Breheimen, men Tverrådalskyrkja (2 088 moh.) er kanskje det mest kjende fjellet, der det ruvar like ved ei av turrutene frå Sota til Nørdstedalseter. Ynskjer du å fiske ørret i elver som er omkransa av 2000 meter toppar og store isbrear, ja da er Breheimen eit godt utgangspunkt. Mellom fjelltoppane er det også store dalar med fine fiskeelver.

Plante- og dyreliv

Breheimen er villreinen sitt rike. Ottadalen villreinområde er det tredje største leveområdet for villrein i Noreg, og Breheimen nasjonalpark utgjer søre del av dette området. I høgfjellet er det eit relativt sparsamt dyreliv, men fleire av dei store rovdyra (særleg jerv), rovfuglar (kongeørn, jaktfalk og fjellvåk) finst her. I høgfjellet lever dei vanlege fuglane som snøsporv og steinskvett. I dei frodigare dalføra lever fleire sjeldne fugleartar som til dømes kvitryggspett og bergirisk.

 

Besøkssenter Breheimen nasjonalpark

Breheimen nasjonalpark har to autoriserte besøkssenter nasjonalpark. I nasjonalparklandsbyen Lom finn du Norsk fjellsenter. Norsk fjellsenter er omkransa av dei tre nasjonalparkane Breheimen, Reinheimen og Jotunheimen, og i utstillinga «Bergtatt» kjem du tett på landskapet og naturmangfaldet i nasjonalparkane. I Jostedalen ligg Breheimsenteret mellom nasjonalparkane Breheimen og Jostedalsbreen. Breheimsenteret er utgangspunkt for brevandring, kajakk og rafting i Jostedalen og i utstillinga kan du lære om nasjonalparkane, isbrear og klima.

Kilde: norgesnasjonalparker