Nasjonalpark: Folgefonna nasjonalpark

Folgefonna nasjonalpark

599 km2 | Verna i 2005 | Frå fjord til høgfjell | Isbrear | Enkel tilrettelegging

I Folgefonna nasjonalpark kan du bevega deg frå lune fjordarmar i Hardanger, gjennom opne dalar med fossande elver, forbi blågrøne brefall og opp på høgfjellet med utsyn over platåbreen Folgefonna. Det er eit svært variert landskap som ligg innanfor eit avgrensa geografisk område. Her kan du stå på ski frå høge fjell eller på fonna om føremiddagen, og bade i fjorden på ettermiddagen.

Her er det nokre godt tilrettelagde områder med stiar og turisthytter, eller du kan gå langs umerka trakk i krevjande terreng. Det storslagne landskapet gjer at både den som går på dei høgaste fjella eller den som vandrar i furukledde dalar får store opplevingar.

Kvart år kjem det rundt 5500 mm nedbør på dei høgaste delane av Folgefonna, og det meste kjem som snø. Snøen vert omdanna til breis, og bevegar seg sakte nedover medan den formar landskapet under seg. Spor etter isbreane og den spanande geologiske historien finn vi overalt på Folgefonnahalvøya. Denne historien kan ein mellom anna oppleve i steinparken i Rosendal eller Geostien frå Nordrepollen til Botnabreen.

Opplevelser

Med eit svært variert landskap frå fjorden og opp til toppen av Folgefonna vil du alltid finne noko å oppleve, året rundt. Her kan du gå på ski over platåbreen eller stå på ski frå høge fjell. Om sommaren kan du gå på brevandring på spennande brearmer, padle kajakk på fjorden eller gå på høge fjell med utsyn over fjord og fjell. Her er det godt tilrettelagde områder for dagsturer og store opplevingar.

Planter- og Dyr

Mellom fjorden og breane finnes isdekt mark, lune furuskoger og gamalt beiteland, ein stor variasjon i ulike økosystem der kvart område har sine karakteristiske arter. Hjorten er talrik i dalane og liane innover i fjorden. I høgfjellet finnes nokre få hardføre arter, medan den kalkhaldige bergrunnen rundt Skjeggesnuten og Sauanuten har ein rik fjellflora.

Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark

Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark er ein del av det nye Folgefonnsenteret i Rosendal. I den interaktive utstillinga frå 2017 kan du lære mykje spennande om Folgefonna nasjonalpark, livet i Hardangerfjorden og klimaendringane. I den vakre Steinparken, berre ti minuttars gang frå senteret, kan du sjå og lære meir om geologien i nasjonalparken.

 

Kilde: norgesnasjonalparker