Nasjonalpark: Jotunheimen nasjonalpark

Jotunheimen nasjonalpark

1 151 km2 | Verna i 1980 | Høgfjellsnatur | Noregs høgaste fjell | Turisthytter og merka ruter

 

Jotunheimen er eit eldorado for topptursamlarar, med alle norske fjelltoppar over 2300 moh. Galdhøpiggen (2469 moh.) er den høgaste og mest besøkte, medan Hurrungane byr på legendariske klatretoppar, med Store Skagastølstind i spissen. Fjellturismen i Jotunheimen starta allereie for 200 år sidan, og det er i dag eit godt utvikla rutenett med overnattingsmoglegheiter på kjende turisthytter som Gjendebu, Glitterheim, Memurubu, Skogadalsbøen, Olavsbu og Fannaråkhytta. Men her er også urørte soner utan merka ruter, der du sjølv må finne vegen.

Nasjonalparken har høge toppar, frodige fjelldalar og fjellvatn der du kan prøve fiskelykka. Smaragdgrønne Gjende blir av mange rekna som vakraste innsjøen, og hit kjem kvart år mange for å gå den berømte fjellturen over Besseggen. Mange fjellplanter har høgderekorden sin her, og i dei bratte fjellskrentane finn fleire rovfuglar hekkeplass. Landskapet har spor etter eldre fangstkultur med dyregraver og buplassar, og beitebruk og seterdrift har lange tradisjonar.

 

Opplevelser

Juli og august er høgsesong for fjellvandring, men stadig fleire brukar fjellet til alle årstider. Vårskiløping og toppturar på ski er særleg populært frå Valdresflye i aust og frå Sognefjellsvegen mot Smørstabbtindane, Fannaråki og Hurrungane i nordvest. Dei mest populære dagsturane er Besseggen og Galdhøpiggen. For brevandring og klatring er det mogleg å melde seg på guida turar i spektakulær natur.

 

Plante- og dyreliv

Rovfuglar som jaktfalk, kongeørn og fjellvåk hekkar her. I Jotunheimen finn du både villrein og tamrein. Eit rikt jordsmonn gjev ein svært frodig vegetasjon, og i dei sørvende liene går bjørkeskogen heilt opp til 1300 meter over havet. Issoleia har høgderekorden på 2370 moh., og tidleg på våren blomstrar mogop og raudsildre på dei første berrflekkene.

 

Besøkssenter Jotunheimen nasjonalpark

Norsk fjellsenter ligg i nasjonalparklandsbyen Lom, omkransa av tre nasjonalparkar – Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen. Norsk fjellsenter er autorisert besøkssenter for nasjonalparkane, med utstillingar og informasjonsløysningar. I utstillinga «Bergtatt» kjem du tett på landskapet, naturmangfaldet i nasjonalparkane. På Norsk fjellsenter får du også tips om turar og aktivitetar frå Lom sentrum og til nasjonalparkane.

Kilde: norgesnasjonalparker

 

Innhold